Escuchar "Draumefanga" Amazon Music Unlimited (ad) Prueba Gratis 30 días

Letra de Draumefanga

Mørkret meg fangar og stel mine sansar. Bordelangs elvstryket grimen eg ansar. – Krattskogen kjæler med lauvskrudde kransar – Viklar meg inn i eit villvove spinnSinnet blir eins med det duldande svarte. – Tromminga stig frå mitt mørklagde hjarte. Anar at dansen med vetter vil starte.- Viklar meg inn i eit villvove spinnNatta er lang og på otte vil byde. – Livet i kring meg, eg høyrer det lyde, lite eg ser av dei ting eg må tyde. Viklar meg inn i eit villvove spinnSkrik utor villmarka, vindborne gjallar. Steinar i frosstryka stikk opp som skallar. Gåte det er om det skræmer hell kallar. Viklar meg inn i eit villvove spinnBurte er blomar og formene, fine. Løynde kvar einaste menneskemine. berre i mørkret kan stjernene skine.Viklar meg inn i eit villvove spinn